Volda vann toppoppgjeret i målrikt drama!

Volda sikra seg serietittelen med 4-3 siger over Bergsøy fredag kveld.

Laget gjekk opp i 2-0 etter scoringar frå Robert Mathias Dahlberg etter 3.min og Håkon Kroglund Haugen etter 12.min.

Så reduserte Magnus Myklebust like etter på før Rasmus Aarflot utlikna på eit sjølvmål. Ikkje hans fyrste mot Bergsøy!

Då gjekk laga til pause og det var stor spenning til korleis andre omgang ville utarte seg.

Volda kom då ut og gjorde egentleg det samme. Scora to raske mål og gjorde jobben vanskeleg for Bergsøy.

Måla kom frå Tobias Vassbotn Evebø etter ei heading på bakre stolpe etter ein corner etter 49.minutt.

Ti minutt seinare auka Vetle Johan Dagfinrud til 4-2 før Pijus Marcinkevicius reduserte med eit fantastisk frispark.

Pijus sitt mål var egentleg kampens siste spark på ballen og dermed vann Volda 4-3.

Intervjuer og høgdepunkter ser du her!