Volda slo Larsnes/Gursken 2-0 fredag kveld i Volda og held med det leiinga i 4.divisjon framfor Bergsøy.
Etter ei jamn opning på kampen så ropa sandsokningane ropte på straffe til Sebastian M Kleven, men fekk det ikkje.
Så i løpet av ei fireminuttersperiode for bortelaget så scora Robert Mathias Dahlberg to gongar!
Det var stillinga til pause og etter pause blei det ikkje fleire mål. Dermed Status Quo i toppen!
Lars-Petter Rønnestad sin kommentar etter kampen er dette:
– Grei fyrste omgang av oss. To nydelige scoringar, og ei fortent tomålsleiing til pause.
– Andre omgang gir vi initiativet til LGFK i perioder, men slepp dei berre til ein målsjanse.
– Alt i alt ein kontrollert siger på ein dag då vi er eit godt stykke frå toppnivået vårt.
Ellers i 4.divisjon fredag kveld så vann Ørsta 4-2 mot Norborg/Brattvåg 2 på andre sida av flyplassen.
Her scora Mats Johannessen Øvrebotten det fyrste etter berre to minutt før Tor Juul Abelseth utlikna for bortelaget.
Men så bestemte Simen Tømmerbakk Flekke seg for å sende Heltne & co på vei mot tre nye poeng med to mål.
Men like før pause reduserte Ruben Grytten Holmeset for bortelaget.
I andre omgang blei det ikkje avgjort før Kjell-Terje Brusdal sette ballen i eige mål like før slutt.
Dermed 4-2 og andre strake siger for Ørsta som virkeleg er i siget no før møtet med Bergsøy i Fosnavåg neste fredag!