Volda-damene knuste Surnadal/Søya/Todalen 10-0!

I kvaliken til 2.divisjon blei det aldri eit jamt og tett oppgjer mot avdelingsvinnaren frå Nordmøre og Romsdal.

Volda var altfor gode og resultatet fortel heller eit greit bilete av kampen.

Det skal vere ein returkamp laurdag om ei veke, men det blir berre ein formalitet.

I dagens kamp opna Anna Thunem ballet etter corner frå Irene Humborstad.

Thunem auka seinare til 2-0 etter flott forarbeid av lynvingen Kristine Bjørneset.

Så er det Bjørneset som scorar etter forarbeid frå Thunem før Ingrid Folkestad dundra ballen i mål frå dryge 20 meter.

Etter pause held scoringane fram i bra tempo. Thunem noterte seg for tre nye mål så ho stoppa på fem.

Elles så var det Sunniva Hammer og Johanne Støyle som ordna eit tosifra antal scoringar for grøntrøyene!

Scoringar og intervjuer med Thunem, Bjørneset og trenar Ole Peter Kragset ser du her!

 

Fem glade målscorarar!

 

Volda: Nathalie Eide, Susann B. Kragset (Mari Aarflot 75min), Sunniva P. Hammer (Therese H. Holstad 71min), Irene Humborstad, Mari Aarflot (Veronica P. Hammer 46min), Nora S. Sæbønes, Therese H. Holstad (Maria G. Rafteset 46min), Ingrid H. Folkestad (Andrea Årseth 65min), Kristine Bjørneset (Fride Lianes 75min), Fride Lianes (Maren R. Vatne 46min) (Johanne Støyle 60min), Anna N. Thunem.