– Vil kreve sin mann

Etter laurdagens trening stilte Jon Berisha og kaptein Torbjørn Kallevåg opp til ein prat.

Hødd må vinne sine to siste kampar, samstundes som Ranheim ikkje klarer å gjere det same.

Dei blåkvite mista poeng på overtid mot Haugesund på bortebane førre helg og ligg no på 8. plass.

Bryne vil vere bak Hødd på tabellen dersom dei blåkvite vinn sine to siste kampar.

I så fall må Ranheim slå både Sogndal og Kongsvinger for å gå forbi Hødd.

Dersom dei ikkje klarer det, ventar opprykksplayoff på Hødd!