Vanylven møtte Rollon på Color Line stadion til årets aller siste fotballkamp og i finale i OBOS-cupen!
Dei mørkeblå tok leiinga etter fire minutt ved Uchin Cho etter det som blei eit skikkeleg lykketreff!
Rollon utlikna før pause og begge lag hadde sine sjansar.
Etter pause scorar Rollon to mål til, der 2-1 kom etter straffespark.
Rollon vann til slutt med 3-1. Sportsheim fekk seg ein prat med kaptein Vegar Bellen Krokevik etter kamp.
Så får du også ein del action frå kampen i denne videoen!