Laget vann alle sine kampar i innleiande runder. Samla målforskjell i alle åtte kampane vart 61-7.
I finala tok Nesodden fyrst leiinga, før to mål av Mads Hovden sytte for siger til vanylvslaget.
– At ein kompisgjeng frå Vanylven vinn Norway Cup er uvirkeleg. Det ligg mykje hardt arbeid bak dette, men ein gløymer fort fort dei kalde intervalløktene frå vintermånedane når dette er belønninga. Det har vore ei fryd å følge karane dei siste 3 åra, og det måtte tørkast ei tåre eller to etter finala – for dette har dei fortent, seier Andreas Nystøl som er ein av dei triumferande trenarane til Vanylven sitt G15/16 lag som stakk av med trofeet!
Ordførar i Vanylven Lena Landsverk Sande, la ut følgjande melding på Facebook etter sigeren:
“Jaaaa! Jippi! VINN-ylven klarte seieren i Norway-cup-finalen! Gjev eg var der og fekk klappa kvar og ein av dykk på skuldra! Sooo STOLT av dykk, karar!”