På Høddvoll sitt kunstgras møttes Flø som har tapt alle sine kampar i år dei suverene seriemeisterane Vanylven som man sikkert ikkje ser i 6.div meir!
Seriemeister Vanylven gjekk ut i hundre og byrja scoringsfesten allereie etter fem minutt.
Då sette Anders Midtbø inn 1-0. Minuttet etterpå auka PG til 2-0, Sportsheim mistenkjer atdet er Per Gunnar Lundehaug!
Så var det Simen Bellen som sette 3-0 etter 22.minutt før Torgeir Halsen sette to kjappe mellom det 24 og 27.minuttet!
For dei som kan å telje så har vi kome opp i 5-0 og berre to minutt seinare sette Stian Bellen inn 6-0!
Så rakk Simen Bellen å gjere hattrick iløpet av eit minutt mellom minutt 38-39 før Stian Bellen gjorde sitt andre rett før pause!
Dermed nesten tosifra til pause i haustmørket på Høddvoll, men 9-0 til pause held sånn greit!
I andre omgang blei det ikkje fleire scoringar! Dermed slutta det 9-0 og då gler vi oss til neste sesong!
På bana for Vanylven FK så stilte:
Christoffer Røys
Anders Midtbø, Vebjørn Aaland Brekke, Marius Asklund, Steinar Lade
Stian Bellen, Anders Bellen, Per Gunnar Lundehaug,
Simen Bellen, Sivert Krokvik Nerland og Torgeir Halsen
På benk: Mads Hovden, Kristoffer Stranden, Uchin Cho, Andreas Flusund, Pål Asklund, Øyvind Rodt
Trenarar: Øyvind Myklebust og Ole Per Kragset.
Fystioteraupeut: Ole Theodor Hovden og Gunnar Myklebust.
Sportsheim gratulerer VFK med ein flott sesong og ser fram til nye fyldige sluttresultat i 5.divisjon i 2020!