Tidligare Manchester United-spelar David May og supporter Pete Boyle var førre helg igjen i Fosnavåg.
Fredag kveld var May og Boyle på eit sponsortreff i dei flotte lokala til Aurvoll og Furesund.
Der kom spørsmål om både dagens situasjon i Manchester i tillegg til å fortelje eigne historier.
Laurdag var det klart for fotballskule.
Sportsheim retter ein spesiell takk til Daniel Harbo Pinheiro for måten han organiserte barna med stålkontroll!
Dette hadde ikkje vore mogleg utan Sparebanken Møre og Aurvoll og Furesund som ser verdien av dette samfunnsnyttige tiltaket i lokalmiljøet som mange fekk glede av.
Sportsheim vil også takke spesielt AH Sport Lounge, Thon Hotel Fosnavåg, R-Ship AS, Meny, Bergsøy Fotball og den skandinaviske supporterklubben til Manchester United.