Uavgjort for LGFK borte mot SIF/Hessa

Torsdag kveld tjuvstarta den 17.serierunda i 4.div for menn då LGFK tok turen til SIF/Hessa og Blindheim møtte Valder.

Anders Hoff sine menn i sine gule og svarte drakter var best i den fyrste omgangen på Skarbøvik stadion og skaffa seg leiinga etter 11.minutt.

Martin Haanes tok ein corner for LGFK som blei klarert ut igjen til han, då suste han likegodt ballen i mål frå skrått hald på halvspretten. Flott mål!

Fleire mål blei det ikkje før pause. I pausa samla SIF/Hessa seg og kom betre med utover i kampen.

Utlikninga var eit faktum kvarteret før slutt då Inge-André Godø utlikna for heimelaget.

Dermed ebba det ut med 1-1 i ein kamp der laga hadde kvar sin omgang.

For LGFK så fekk Leiv Sindre Muren, Torgeir Skeide og Jens Jørgen Winsnes gule kort.

Ellers så vann Valder 2-1 borte mot Blindheim.

Fredag kveld er Sportsheim på plass i Volda då dei grønsvarte tek imot Hødd2.

Bergsøy tek turen til Emblem i det opprykkskampen held fram med full styrke!