Søndag kveld tok Bergsøy sine håndballdamer imot Klæbu til det som blei ein spanande kamp.
Bortelaget var på det meste oppe i 2-6 før pause. Men det henta heimelaget inn og det stod 12-13 til pause.
Etter pause var Bergsøy lenge det førande laget og leia det meste av kampen.
Men laga var nære kvarandre heile tida og det var alltid spenning om kor poenga skulle ende.
Då enda det med poengdeling etter at det glapp litt på slutten og 23-21 blei til 23-23.
Reaksjonar frå Eileen Baumann Jensen og Synne Aasen ser du her!
Dei som scora mest mål for Bergsøy var Eileen Jensen med fem mål.
Så fulgte Hanne Thorsen, Mia Kvalsund og Othelie Kvalsund med tre mål.
Neste helg møter Bergsøy Vikhammer i Herøyhallen laurdag kl.18.45. Her er det berre for folk å møte opp og heie på laget!