Tunge bein etter første breddekamp på 16 mnd

Framfor fleire svoltne fotballsupporterar på grasbanen på Larsnes møttes to lag som ikkje har fått spele fotball sidan februar 2020.

LGFK og Bergsøy gjekk til verket med livslyst og det var veldig etterlengta å få kjenne på skikkeleg fotball igjen.

Det har vore altfor lenge. Dette gjer godt for folkesjela og helsa til folk!

Kampfakta:

0-1 Jakob Nerland

1-1 Bam Hide, str

1-2 Trym Rekkedal

Ca 200 tilskodarar.