Tredje strake siger etter 25-22 mot Elverum

Thomas Buchardt sine menn tok sin tredje strake siger denne sesongen då dei slo Elverum 2 med 25-22 (7-10).

Fram til det var spelt omlag 10 min så leia heimelaget. Men etter det var Bergsøy aldri bak og leia med nokre mål heile kampen.

Stillinga til pause var 7-10 i favør Bergsøy og laget frå Herøy var som regel eit par til tre mål foran ut kampen.

Det nermaste Elverum kom Bergsøy var å vere eit mål bak på 22-23 med to og eit halvt minutt igjen av oppgjeret.

Men to seine mål av Dainius Matutis sikra Bergsøy sin tredje strake siger med 25-22! Trenar Buchardt oppsummera kampen slik!

– VI spela mykje i undertall der også Håkon Forberg og Erik Helgesen gjer ein god kamp. Eg er godt nøgd med sigeren, for Elverum vil ta mykje poeng, seier Buchardt.

Håkon Forberg i aksjon. Arkivbilete.

Forberg sjølv seier dette etter sigeren.

– Bra i forsvar gjennom kampen, sjølv om vi ende opp med ni tominuttere. Hadde mykje å gå på i angrep gjennom kampen, vi falt ned på deres tempo, seier Forberg.

Dainius Matutis og Evaldas Griežė blei Bergsøy sine toppscorarar med fem mål kvar mot Elverum 2.

Bergsøy sine målscorara var Matutis og Griežė med fem mål, Petrusis 4, Jovaisas 3, Z. Griežė 3, Helgesen 3 og Forberg med 2.

Neste kamp er søndag kl.13 mot Storhamar. Sportsheim gratulerer med sigeren mot Elverum og ynskjer gutta lykke til søndag!