Bergsøy inntok tabelltoppen etter ein 4-1 siger mot Norborg/Brattvåg 2.
For Bergsøy scora Trym Rekkedal, Magnus Waade Myklebust og Franjo Tepuric.
Eit sjølvmål for heimelaget sytte for Bergsøy sitt siste mål. Dermed leiar Bergsøy divisjonen med eit poeng framfor Volda.
Daniel Jøsok Kvalsvik var nøgd etter sigeren.
– Vi levera en god bortekamp der vi so godt som avgjere kampen før pause.
– Glimrande at alle teke tak når vi reise dit uten Frank. No gjeld det å fortsette der framover, seier kapteinen.
Volda gjekk på eit surt poengtap 0-0 heime mot SIF/Hessa.
– Vi hadde sjølvsagt håpa på eit betre resultat i kveld. Vi styrer kampen mot eit kompakt og hardt kjempande SIF/Hessa.
– Vi hadde sjansar til å avgjere, blant anna to i stolpen, men er ikkje dyktige nok foran kassa.
– I dag sakna vi toppscorer Stian Finnøy, som er ute resten av sesongen.
– Så ser vi fram til lokalderby mot Ørsta neste fredag, og skal prøve å kome oss på vinnarsporet då, seier Volda-trenar Lars-Petter Rønnestad.
Vanylven og Gjerdsvika/LGFK 2 møttes også til kamp i 6.divisjon fredag kveld.
Her blei det kalassifre til heimelaget med 13-1.
Pausestillinga var 8-0. Her var målscorarane som desse:
⚽️⚽️⚽️Kristoffer Stranden
⚽️⚽️⚽️Uchin Cho
⚽️⚽️Torgeir Halsen
⚽️⚽️Mads Hovden
⚽️Anders Midtbø
⚽️Henning Sætre
⚽️Simen Bellen
Gjerdsvika/LGFK 2 fekk seg eit trøstemål like før slutt ved Samuel Tesfamycael Teklemycael.
Då ynskjer Sportsheim alle ei god fotballhelg!