Straffedrama og flott kontringsmål då Hødd2 slo Hareid

Runde nr.19 i 4.divisjon blei avslutta mandag kveld på Høddvoll mellom Hødd 2 og Hareid i ein interessant kamp.

Hareid fekk den fyrste småsjansen før heimelaget blei tildelt eit omdiskutert straffespark. Kvifor ser du i videoen!

Kenneth Moldskred og Hareid har grunn til å reagere på at dommar Abbas Tamimi frå Ørsta bles for straffe.

Kaptein Sindre Kleiven var sikker som før og scora etter 12 minutt. Så kunne det stått 2-0, men mållinjeteknologi har vi ikkje!

Etter at Hareid ropte på straffe eit par gongar så bestemte Andreas Fjørtoft seg for å doble leiinga etter ei flott kontring!

I andre omgang var bortelaget det førande laget og fekk fleire sjansar som man kunne utnytta betre med litt tur.

Heilt på slutten fekk Hareid nettsus då Tarje Dimmen Riise stussa inn ein corner, men det var ikkje nok.

Dermed blei poenga igjen i Ulsteinvik etter at Hødd hadde scora to mål mot Hareids eine nettkjenning.

Hareid ligg då på nest nederste plass med 17 poeng. Hareid møter Blindheim heime komande fredag.

Sjå alt av action og kommentarar frå Jesper Törnqvist, Kenneth Moldskred og Andreas Fjørtoft etter kampslutt her!