I 10.runde av 6.div avd 2 vann Vanylven heile 6-0 mot Åmdal i kveld!
Scoringsballet byrja ved Torgeir Halsen etter 10 minutt.
Så satte Stian Bellen inn eit ekte hattrick før Mads Hovden sette inn 5-0 like før pause i ein fantastisk omgang av dei mørkeblå!
Einaste spelar med nettsus etter pause var Mads Hovden som fekk si andre scoring for kvelden.
Trenar Øyvind Myklebust er rosande i si omtale av lagets innsats!
– Vi gjer ein særs god kamp offensivt, er effektive, og vi har god kontroll bakover.
– Leiar 5-0 til pause. Andre omgang kontrollerer vi bra. Det var ein skikkeleg lagseier.
– Og sjølvsagt er det bra å ha ein som scorar masse mål.
– No blir fokuset på neste kamp borte mot Vartdal, seier Øyvind Myklebust.
Vanylven leiar då serien med tre poeng til Åmdal og har fire kampar igjen å spele!