Spanande nysigneringar for Bergsøy Handball

Spelarane som forsterkar Bergsøy framfor 2020-sesongen kjem frå Ungarn. Det er playmaker Sztefan Manojlovity (22) og strekspelar Robert Csernai (23).

Begge har vore i akademiet til Veszprém KC som er den største klubben i Ungarn.

– Robert og Sztefan er veldig gode forsterkningar. Vi mangla ein strekspelar og ein playmaker i laget vårt og det har vi leita etter i heile sommar.

– Så vi er veldig glade for å ha fått dei inn. Dei har gått ein veldig god skule i Veszprém KC og passar veldig godt inn i systemet vårt. seier trenar.

Trenar Einar Jónsson i midten saman med Stefan Manojlovity (23) og Robert Csernai (22).

Islendingen er ikkje redd for å gå offensivt ut etter seriegull på Island i 2013 og opprykk med kvinnelaget til Molde frå 2.divisjon til Eliteserien i 2013-2015.

– Vi er ikkje redde for å seie at vi skal kjempe om opprykk, det er vårt mål. Alle her jobbar hardt for at vi skal utvikle oss og eg er veldig nøgd med det.

– Spelarane som var her i fjor er godt trente og no når vi får inn nye spelarar så ser det veldig bra ut, fortel Jonsson.

Han skryt vidare av grunnlaget som vart lagt dei to åra Thomas Buchardt var trenar i Bergsøy.

Bergsøy sin keeperduo Oddvar Johan Roseth og Petter Hovde Vinje har begge signert ny 1-års kontrakt.

Forlenga kontrakt for keeperduo

Bergsøy sin keeperduo Oddvar Johan Roseth og Petter Hovde Vinje har begge signert nye 1-års kontrakt og det gleda Jonsson seg over.

– Eg er veldig nøgd med keeperane. ’Oddy’ har god erfaring og er ein av dei beste spelarane i 2.divisjon.

– Så det er veldig positivt med ein slik duo, seier Jonsson som også trur bredden i laget blir betre denne sesongen.

– Vi har nok meir bredde i stallen i år enn i fjor, sjølv om spelargruppa ikkje er den største.

– Vi trenar hardt og dersom vi er i god form så vil vi klare oss godt, avsluttar ein optimistisk suksesstrenar.