Reaksjonar frå Hødd – Stjørdals-Blink 2-3

Sportsheim var på plass då Hødd sitt A-lag tapte 2-3 etter ein underhaldande 2.omgang i PostNord-ligaen avd. 1.

Etter lite action før pause så tok det av etter pause der regnet i pause hadde gjort bana glattare til andreomgang.

Bortelaget kom opp i 2-0 før heimelaget reduserte og utlikna ved Bendik Rise og Eirik Franke Saunes.

Diverre fekk bortelaget eit omdiskutert frispark framfor mål rett før slutt som dei også scora på.

Dermed blei det tap nr.4 på rad for dei blåkvite i Ulsteinvik. Det betyr 9.plass og tre poeng ned til streken.

Reaksjonar frå Shroot, Nilsen og Saunes får du her!