Reaksjonar frå Hødd-FFK 1-2

Hødd sine beste menn møtte opprykksjagande Fredrikstad til dyst på eit vått Høddvoll søndag ettermiddag.

Dei blåkvite frå Ulsteinvik var gira på å ta sin femte strake siger, men ballen rulla ikkje heilt Hødd sin vei denne kampen.

Fredrikstad fekk den fyrste scoringa etter 20.min då Henrik Kjelsrud Johansen sette inn eit straffespark.

Det var Riki Tomas Alba som blei dratt ned i feltet og dommaren bles for straffe.

Etter halvtimen utlikna Hødd etter å ha spelt seg gjennom på venstre. Innlegget pirka Eirik Franke Saunes inn.

I andre omgang bølga spelet fram og tilbake og det var fleire sjansar til begge lag.

Så berre fem minutt før slutt så slo Tomas Lopez Borgersen inn foran mål der Kjelsrud Johansen stanga inn sigersmålet.

Reaksjonar frå målscorar Saunes og forsvarsspelar Daniel Eid får du her!