Reaksjonar frå Hødd-Bryne 2-1

Sportsheim var på plass på Høddvoll søndag for å sjå at Hødd tok sin tredje strake siger med sin 2-1 siger mot Bryne.

Vinden og regnet var av det heilt elleville slaget og ballen dro på ville veiar men mest mot det målet som der leiligheiter bak.

Alle måla blei då scora i det målet. Fyrstemann ut var Robin Hjelmeseth med skallen etter seks minutt på eit flott innlegg frå Preben Sætre.

Så dobla Sætre leiinga etter å ha jaga ein retur inne i feltet etter 24 miutt. Hødd burde og kunne scora meir før pause, men det blei pauseresultatet.

I andreomgang blei det å spele mot sterk motvind. Bryne reduserte med halvtimen igjen og det var nok av nervøse sjeler på Høddvoll.

Men heimelaget rydda unna og her er reaksjonar frå Robin Hjelmeseth, Sebastian Nilsen, Preben Alexander Sætre og Ole Monrad Alme!

Så litt jubelscener frå garderoba til slutt!