Reaksjonar frå Bergsøy sin 31-24 siger mot Steinkjer

Sportsheim var på plass søndag for å sjå Bergsøy sine håndballherrar mot Steinkjer.

I det omvendte oppgjeret blei det 28-28 og heimelaget var no gira på å ta sigeren.

Det blei likevel ein jamn 1.omgang der heimelaget var slurvete. Stillinga til pause var 17-16.

Etter pause var det betring hos Bergsøy og dei rodde til slutt i land ein komfortabel siger.

Sjå kva Thomas Buchardt og Evaldas Griežė meinte om kampen her!

For Bergsøy så blei Deividas Jovaisas toppscorar med 14 mål der det var nokren perler.

Nestemann på lista var Laurynas Petrusis med seks scoringar.

Erik Herman Ruud Helgesen og Evaldas Griežė delte tredjeplassen med fire scoringar kvar.

Vikhammer leia serien tre poeng framfor Bergsøy etter sin 36-30 siger borte mot Storhamar.

Neste kamp for Bergsøy er heime mot Melhus neste søndag kl.14.00!