Ørsta sitt G18-lag er klare for Lerøyserien

Action frå kampen mot Runar!

Ørsta sitt G18-lag kvalifiserte seg førre helg til Lerøyserien, nasjonal serie for g18 ved å vinne 30-29 over Runar i Sandefjord.

Dermed er laget sikra plass i det som er eliteserien for G18-lag i Norge.

Etter å ha vore igjennom kvalifisering tidligere i haust så var så var Ørsta sin fyrste motstandar førre laurdag i 2.kvalifiseringsrunde, Havørn.

Den tapte Ørsta 20-29 (11-17) før man møtte Runar i det som blei ein thriller av ein kamp.

Ørsta var de førande laget før pause og leia på det meste 20-13. Etter kvilen kom Runar nærmare.

Det stod også 29-26 då fire minutt stod att av kampen. Og etter nokre mål begge veiar så scora Runar det siste 36 sek før slutt.

Stillinga var då 30-29 til Ørsta og fleire mål blei det ikkje. Dermed sikra Ørsta plassen i Lerøyserien.

Søndag blei det tap mot TIF Viking med 17-30. Stian Aasen som er ein av to trenarar for G18-laget er optimistisk på kva dette betyr for Ørsta.

– Dette er det beste utstillingsvindauget vi kan ha. Representantar frå aldersbestemte landslag var også i Sandefjord og noterte seg for talent.

– Det betyr mykje sportsleg og det er ein stor læringsarena for gutane å spele med dei beste 18-åringane i landet.

– Dei vil ta større steg og kanskje det blir interessant for andre spelarar å bli med på prosjektet framover.

– Vi bygger klubb og det er bra å ha denne arenaen å vise oss fram på, seier trenaren på telefon til Sportsheim.

Lerøyserien er då ei serie med dei beste 24 laga i landet fordelt på to avdelingar.

Den skal verte avvikla gjennom fire turneringshelger der det blir ei helg før jul og tre over nyttår.

Ørsta vil søkje om å få ei kamphelg i Ørstahallen.