Målrikt då Bergsøy tapte for serieleiar Åheim/Selje

I 4.div avd 2 tok Bergsøy sitt damelag i mot serieleiar Åheim/Selje på Havila Stadion Fosnavåg.

Her ser du video frå kampen inkl intervju med blant andre trenar og stand in-keeper Konstanse Torgersen Nærø.

Det vart målrikt der Katrine Lunde og Mathea Berge Bøstrand sette to tidlige scoringar for bortelaget.

Bergsøys Tonje Christin Hide reduserte for heimelaget og dermed vart pauseresultatet 1-2.

Etter pause var Guro Lesto Larsen heilt ustoppeleg for bortelaget og scora fire mål.

For Bergsøy scora Maja Vattøy, Ida Vestnes og Line Paulsen før laga ga seg på 4-6.

Dermed har Åheim/Selje vunne alle sine fire kampar medan Bergsøy står med ein siger på sine fire kampar.