Målrike sigrar for Vanylven og BIL 2 i 6.div

I kveldens runde i 6.divisjon er det uforandra i toppen etter at Vanylven og Åmdal vann sine kampar. Medan Bergsøy slo Flø med 9-1.

Etter ein god 1.omgong og ein litt meir rufsete 2.omgong så tok Vanylven ein 8-4 siger mot Vartdal. Trenar Øyvind Myklebust var nøgd med det.

– Vi vinn kampen fortjent med ishockeysiffera 8-4. Vi gjer ein god første omgang og ledar 7-1 til pause.

– Vi byttar inn mange rett etter pause og let alle få spele mykje i dag. Nyttig erfaring for dei unge. Kjekt med tre nye poeng, seier Myklebust.

Målscorarar for Vanylven var Uchin Cho (2), Kristoffer Stranden (2), Mads Hovden (2), Sondre Ersvåg og Anders Midtbø.

Mads Hovden var ein av dei som scora to mål mot Vartdal!

I Fosnavåg slo Bergsøy 2 slo Flø 9-1 på Havila stadion i kveld og kom opp på like mange poeng som Vartdal.

Måla for Bergsøy blei scora av Truls Ristesund (3), Daniel Langvatn (2), Glenn Elvester, Tarjei Frøysa og Sander Andreassen.

Trøstemålet for Flø blei scora av Manchester United-supporter Sebastian Eide.

Bergsøy 2 sine målscorarar på det som sikkert ikkje vert det siste lagbiletet frå årets haustsesong.

I kveldens tredje kamp så var Gjerdsvika/LGFK 2 på tur borte mot Åmdal og tapte 3-5.