Lokale gutter på kretsturnering i Oslo

Søre Sunnmøre vart godt representert i Oslo helga då Sunnmøre sitt kretslag var involvert i NTF G14 Elitetiltak på Valle Hovin.

Dette har vore ei kretslagsturnering der ni lag rundt om i Norge er med. Det blei fire kampar for laget som går under namnet Aalesund i slike turneringar!

Frå Søre Sunnmøre hadde vi Martin Håheim Elveseter og Bendik Frøysa frå Bergsøy.

Ørn Flø, Oliver Eliassen Aske og Iver Johansen var Hødd sine representantar..

Ørsta hadde Simen Vatne Haram representert.

Laurdag spelte laget 1-1 mot både Lillestrøm og Brann. Mot Brann scora Oliver Aske etter forarbeid av Martin Håheim Elveseter!

Her held Aalesund dei raude frå Bergen heilt til siste minutt før utlikninga kom.

I dag har laget spelt to nye kampar. Fyrst blei det 3-1 siger mot Odd Grenland der Aske teikna seg for nok eit mål.

Seinare på søndag blei Strømsgodset slått 2-1. Det blei til slutt ein fjerdeplass i turneringa der Brann tok sigeren med heim.

Turneringa har vore ein suksess, ifylgje rapportane!

Iver Johansen, Martin Håheim Elveseter, Simen Vatne Haram, Oliver Aske, Ørn Flø og Bendik Frøysa.