Etter å ha kome seg heilt til kvartfinale i A-sluttspelet på Norway Cup så tok det slutt mot Trops FC frå sambaens land Brasil.
Laget til Sveinar Frøysa og Ole Sande spelte kamp seint torsdag kveld og då er det ikkje lett å spele kamp berre 10,5 timar seinare.
Det blei ein umogleg kamp for laget mot eit særs godt brasiliansk lag. Så her var det berre snakk om å kome ut av det med heva hovud.
Sjå kva David Tonev, Alexander Hestad og coach Sveinar Frøysa sa etter kampen.
Då er det slutt på sletta for i år for Sportsheim.
Men det kjem snart stoff relatert til engelsk fotball den neste veka før fotballen rullar igjen på Søre Sunnmøre 15.august…