Bergsøy sine håndballdamer tapte 24-26 i årets fyrste seriekamp mot Utleira laurdag kveld i Herøyhallen.
Stillinga til pause var 13-13.
Bergsøy låg under i starten av kampen og litt usikkerheit og famlande spel i møte med eit offensivt Utleira-forsvar gjorde at stillinga var 3-9 etter 16 minutt.
Så starta Bergsøy opphentinga. Jentene møtte ballen, gjennomførte avtalar, var meir direkte mot mål og ikkje minst fann dei unge Synne Aasen på strek.
Bergsøy vann siste 15 min med 10-4 og fekk utlikna til pause.
Utleira samla seg i pausa, Bergsøy var litt nervøse igjen og brukte fem min på å få fyrste målet etter pause.
Utleira hadde i mellomtida scora tre.
Så kom Bergsøy seg igjen, henta inn at leiinga til Utleira og kom ajour på 19-19 etter 11.min av andre omgang.
Laga fylgte kvarandre tett på 20-20 og 21:21 før Utleira fekk ei tomålsleiing dei aldri gav frå seg.
Bergsøy kunne ha tatt innpå på slutten, men fekk ikkje heilt til angrepsspelet.
Utleira scora sitt siste mål sju minutt før slutt, så nok tid var der.
Vibeke Eide scora Bergsøy sitt mål nr 23. Ho skada kneet sitt stygt og det sette nok ein støkk i lagveninnene.
Honnør til keeper Susanne Sandvik som heldt Bergsøy inne i kampen med ein redningsprosent på 45%, derav tre strafferedningar.
Bergsøy scora på 64% av sjansane sine, men 12 balltap og for passivt angrepsspel gjorde at poenga ikkje blei igjen i Herøyhallen.