Katastrofal førsteomgang ødela for Bergsøy

Bergsøy tok i mot SIF/Hessa fredag kveld på Havila Stadion Fosnavåg og her rota verkeleg heimelaget seg vekk.

Førsteomgang må gå inn i historiebøkene som ein der alt gjekk gale. Bortelaget gjekk til pause med 0-4!

Etter pause prøvde Bergsøy så godt dei kunne, men trass ein god omgang med tre scoringar, så holdt det ikkje.

Bergsøy scora tre mål på fem minutt ved Roald Runde (66), Trym Rekkedal (69) og Bendik Frøysa (71).

Då trudde mange at heimelaget ville kome tilbake, men SIF/Hessa punkterte kampen etter 80 minutt.

Då fekk Iyoel Haile Desta krangla ballen i mål, og reprisa vise at ballen nok var innom handa…

Uansett må no Bergsøy slå Herd borte for å ha sjansen til playoff denne hausten.

Her er reaksjonar og alt som skjedde av interessant action fredag kveld!