Jøsok Kvalsvik-dobbel senka Hareid

Bergsøy IL Fotball møtte Hareid IL borte fredag kveld og plukka med seg tre gode poeng heim til Fosnavåg.

Hareid har no ikkje slått Bergsøy heime sidan 2005. Dette var bortelagets femte strake borte mot Hareid.

Dette var også den 16. seriekampen på rad for Bergsøy utan å tape mot Hareid.

Daniel Jøsok Kvalsvik er Bergsøys mestscorande midtbanespelar gjennom tidene.

Mot Hareid scora han sesongens mål nummer tre og fire, og er då oppe i 76 mål totalt for Bergsøy.
Han tangerer då Asbjørn Myklebust på ein 5.plass på Bergsøy si toppscorerliste.
Dette er fantastisk fakta henta frå Historikk.com, der finn du det du vil vite, og ikkje vite.

Sjå action og kommentarar her frå bataljen på grasbanen til Hareid.