Ingen cupfest for Bergsøy i år heller

Bergsøy Fotball sin draum om 1. rundekamp i cupen er over igjen for eit nytt år.

Spjelkavik borte var på førehand ei veldig vanskeleg oppgåve, men tru hadde Bergsøy.

Resultatet 5-0 seier at heimelaget var veldig overlegne, men det er ikkje sanninga.

Her får du tankane til Bergsøy sin hovudtrenar Anders Helsem Hoff.