På ein værmessig skiftande mandagskveld tok Hødd sine rekruttar i mot Ørsta leia av Hødd sin gamle cuphelt, Vegard Heltne.
Heltne som har rekorden for raskast gult kort i ei cupfinale fekk sjå Hødd2 sin kaptein Sindre Kleiven sette inn eit godt plassert skot i hjørnet etter 25 minutt.
Etter scoringa til Hødd2 var det Ørstas Mats Øvrebotten som traff begge stolpane og det var sjukt at det ikkje blei mål!
Men så plutseleg scora Ørsta to mål før pause ved Øvrebotten og Thomas Bjerknes på straffe og etter corner.
I andre omgang var Hødd solide og fekk seg tre mål ved Peter Hasund, Kleiven og Iver Skeide.
Alt dette og kommentarar frå Jesper Törnqvist, Vegard Heltne og Peter Hasund får du her!
Gule kort fekk Jean-Pierre Elyze-Vita på Hødd2 og Vidar Liaskar fekk gult kort på Ørsta.
Hødd sit på tredjeplass med 26 poeng som er 11 poeng bak Volda som man møter fredag kveld i Volda.
Ørsta ligg på 11.plass med sine 14 poeng. Åtte poeng framfor Blindheim på jumboplass.