Høgdepunkter og reaksjonar frå Hødd2-LGFK 1-3

Larsnes/Gursken tok fredag kveld sin fyrste siger sidan august mot eit ungt Hødd2 lag på Høddvoll.

LGFK putta tre ballar inn bak Joakim Goksøyr Ulstein før pause vedJens Winsnes (2) og Sebastian Moldskred Kleven..

Det blei også ei omdiskutert dommaravgjerdsle frå Torgeir Halsen, men heldigvis blei det ikkje avgjerande for kamputfallet.

I andre omgang scora Hødd2 eit mål ved Tobias Pettersen Hatløy etter ein corner.

Alt av action og kommentarar frå trenarar og spelarar får du her!

Ellers fredag kveld så vann Hareid heime mot Blindheim med 2-1.

Rollon vann 3-1 borte mot Emblem medan Volda vann heile 6-0 borte mot Norborg/Brattvåg 2.

Dermed er alt press på Bergsøy som møter Ørsta i Fosnavåg laurdag kl.15.00.

Frank Sverre Skorpen sitt lag ligg då fem poeng bak Volda og må vinne for å ha spenning inn mot neste helg…