Høgdepunkter og reaksjonar frå Bergsøy – LGFK 2-0!

Sportsheim var på plass og foreviga det som skjedde i naboduellen mellom Bergsøy og Larsnes/Gursken fredag kveld!

Med Frank Sverre Skorpen og Anders Hoff som kompisar i sin fyrste trenarduell var det mykje merksemd inn mot kampen.

Bergsøy hadde dei fleste sjansane i kampen, men LGFK var gode i forsvar under leiing av cupvinnaren frå 2012, Steffen Moltu.

Det var knappe 20 minutt igjen då Bergsøy fekk straffe då Roald Runde blei felt. Straffa scora Franjo Tepuric på.

Ikkje lenge før slutt var kroaten på farta igjen og fekk kreditert scoringa av speaker. Men videoen her vil vise noko anna.

Dermed blei det heimesiger. Reaksjonar og kva som skjedde ser dykk i videoen her!