Bergsøy møtte opp på eit passe kaldt Høddvoll med ikkje heilt fullt mannskap og fekk seg ein tøff treningskamp mot Hødd sitt A-lag.
Det skulle kome mange mål og for heimelaget så gjekk dei aller fleste inn i rett bur og Sander Nyland kan vere godt nøgd med denne gjennomkjøringa.
På Bergsøy fekk fleire prøve seg mot god motstand så dette var nok ei god læring for dei unge spelarane.
Sjå scoringane på rekke og rad i videobiletet under!
