Høgdepunkter frå Bergsøy sin siger mot Hareid!

Framfor 401 tilskodarar i Fosnavåg tok Bergsøy ein ny siger og held følge med Aalesund 2 ihvertfall poengmessig.

Det er framleis likt der, men på målskilnaden er no Aafk lysår framfor laget frå Fosnavåg.

Hareid tok leiinga, men scoringar frå evigunge og 41 år gamle Frank Sverre Skorpen i tillegg til målsniken Franjo Tepuric sikra siger.

Sjå det som skjedde i videoen under!

 

Geir Egil Olsen hadde vårt eldgamle fotokamera og knipsa bileter frå kampen. Her er eit utsnitt av det han klarte å knipse!

Neste kamp er Sykkylven borte neste fredag. Aalesund 2 møter Hareid borte torsdag. Dei vann 8-1 heime mot Godøy, men det var som forventa. God helg!