Høgdepunkt og reaksjonar frå LGFK – Valder 1-1

Torsdag kveld møttes LGFK og Valder til kamp på gamle Larsnes Stadion i flott sommarforhald og lav kveldssol.

Myggen var også tilstede.

Heimelaget gjekk ut i hundre og hadde fleire sjansar til å score tidlig i oppgjeret.

Men måtte vente til det blei blåst straffe til Gustav Brandal Dimmen.

Straffa sette han sjølv sikkert i mål.

I andre omgang utlikna Valder ved Preben Valderhaug etter ein fin overgang.

Høgdepunkta og reaksjonar frå kampen ser du her!

Ekstra honnør til 16-åringen Simon Skeide som stod sin fyrste kamp for LGFK. Han er innlånt frå Hødd ut sesongen.

LGFK stilte med dette laget: Skeide – Vikanes, Moltu, Muren, Olsen – E. Bringsvor, S. Bringsvor, Kleppe – Torset, Dimmen, Winsnes (Gult kort).