Høgdepunkt og reaksjonar frå Hareid-Bergsøy 1-4

Hareid møtte Bergsøy til dyst i haustens fyrste kamp for laga og det var bortelaget som tok kommando frå start.

Fyrst gjorde Daniel Jøsok Kvalsvik jobben då han stanga inn ein corner frå Marius Sporstøl.

Deretter krangla Kvalsvik med seg ballen og la den på sølvfat til Tepuric som dobla leiinga.

Til slutt scora Marius Sporstøl sjølv etter litt klabb og babb.

Det stod seg til pause. Etter pause var Hareid meir med og fekk ei redusering ved Ruben Kenneth Brandal.

Så fekk Bergsøy straffe som Franjo Tepuric sette i mål via keeper like før slutt.

Sjå action og reaksjonar her!

Med denne sigeren har Bergsøy 26 poeng som er like mykje som Volda.

Lars-Petter Rønnestad sine boys har då ein kamp mindre og møter Emblem heime fredag kveld.

Sportsheim.no skal vere på plass der også om alt går etter planen…

Ellers så slo Larsnes/Gursken til med 1-0 siger mot Norborg/Brattvåg 2 på heimebane torsdag.

Ørsta tapte heile 3-6 heime mot Rollon.