Herd vann toppkampen

Bergsøy måtte i alle fall unngå tap borte mot Herd for å halde litt på spenninga i 4. divisjon.

Det ser derimot ut no som at Bergsøy ikkje klarer å gi kamp heilt inn, sidan heimelaget vann 2-1.

Det var Herd som var det beste laget før pause og dei leia fortent.

I andre omgang var Bergsøy meir med på notane, men då sette Herd inn 2-0.

Bergsøy kasta folk framover og fekk ei scoring, men det ebba ut med heimesiger.

Sjå her nokre glimt frå kampen samt reaksjonar frå Bergsøy sin kaptein, Daniel Jøsok Kvalsvik.

I andre kampar i fjerde divisjon fredag kveld så tapte LGFK/Gjerdsvika 2-4 heime mot Langevåg.

Det skal bli tøft og overleve for Toni Sandangers menn no.

Ørsta slo også til med ein siger og fekk med seg 5-2 frå bortekampen mot Hareid.