Giggs til Sportsheim: – Hoppa inn i det ukjende!

Då Salford City spelte mot Class of 92 with Friends var det litt av eit stjernelag på plass.
Shay Given stod i mål med Phil Neville, Gary Neville, Chris Casper og Jamie Carragher i forsvar.
På midten var det Nicky Butt, Paul Scholes, Ryan Giggs og Steve McManaman som briljerte med Dwight Yorke og Danny Webber på topp.

I eit hektisk område etter kampen fekk eg ein prat med min store helt Ryan Giggs!
I tillegg var det kjekt å få høyre frå Danny Webber som scora tre mål.
Samstundes var Mark Sullivan der frå MUTV som eg kjenner godt.