– Går ann å bli god i Bergsøy

Sportsheim var på plass for å ta ein prat med Pijus Marcinkevicius som denne veka forlenga kontrakt med Bergsøy.

I videoen her ser vi kva Pijus og trenar Skorpen seier om målsetningar, forbetringspotensiale og kva julegåve Pijus ynskjer seg.

I dag kom også nyheita om at Magnus Waade Myklebust er med Bergsøy vidare der han vil vere klar for A-lagsspel.

I tillegg vil han jobbe i ei 50 % stilling i Bergsøy der hovudoppgåvene vil være marknadsarbeid og spelarutvikling.

– Eg trivast godt og synast det har vore eit spanande år i ein klubb i god utvikling. Gleda meg over å få være med framover.

– Å jobbe med marknad er givende og spanande, og eg er motivert til å bidra med utviklinga av dei unge spelarane.

– Berre så det er sagt, eg har ambisjoner om å halde fram som spelar i fleire år enda, seier han til Bergsøy sin Facebook.

Lars Conradi Andersen i handshake med Magnus.