Bergsøy og Herd møttes i 2.runde av G19 sin 1.divisjon mandag kveld.
Det var ei jamn opning der bortelaget fekk det første målet ved Thomas Lervik på straffe etter 18.min.
Sjansane florerte ikkje i omgangen og vi venta til 2.omgang på neste scoring.
Den kom 20 minutt etter pause då Martin Elveseter fann Glenn Are Elveseter som scora sikkert!
Det enda 1-1 og kamphøgdepunkta med reaksjonar ser du her!
I dei andre kampane som involverte lag frå Søre Sunnmøre så tapte Hødd 0-1 heime for Blindheim.
Ørsta/Hovdebygda var på tur til Brattvåg/Norborg/Harøy og tapte 7-3.
Dermed er sistnemnde serieleiar saman med Spjelkavik.
Det gjenstår sju kampar av Korona-sesongen…