– Framover spelar vi heilt fantastisk

Ørsta sitt G18-lag møtte Haslum til fjerde kamp i Lerøyserien Avdeling 1 i Ørstahallen.

Haslum blei ein god målestokk for Stian Aasen sitt lovande mannskap. 1.omg var Haslum hakket foran og leia 18-14.

Utover i andre omgang heldt Haslum på leiinga, men Ørsta kom sterkt og kom til slutt veldig nære, men ikkje heilt ajour.

Dermed blei det 27-25 til Haslum og det fjerde tapet på fire kampar i Lerøyserien avdeling 1.

Trenar Stian Aasen og femmålscorar Mathias Aam var oppmuntra av lagets innsats. Kva dei sa ser du her!

Dei tre som scora mest for Ørsta var Odin Silseth Tømmerbakk (7), Aam (5) og Abdulbaset Aljajeh (4).

Neste kampar for Ørsta G18 i Lerøyserien er 1-2.februar mot Heimdal og Melhus.