Banksjef Per Ronald Knutsen er glad for å halde fram samarbeidet i tre nye år.
– Vi i Sparebanken Møre er veldig glad for å ha eit tett og godt samarbeid med Sporsheim. Han er med på å skape god oversikt over det som rører seg i idretten generelt, og innan fotballen spesielt, samt innen andre områder som han også dekker. Det er kjekt, lærerikt og veldig interessant å ha Sportsheim som samarbeidspartnar. Sporsheim leverar kvalitet med gode intervju og engasjerande reportasjer i heile sjustjerna. Thomas har veldig god kunnskap om fotball og han har eit veldig stort nettverk innan ulike idrettsgreiner og han er eit kjent og kjært namn i eit veldig stort nedslagsfelt. Thomas er heil ved, har han lova ein ting så kan du vere sikker på at han leverar, vi slepp å dobbeltsjekke om det er gjort, fortel Knutsen.
Vil ta det neste steget
Sportsheim sjølv ser fram til nye år på farta med videokameraet i bagen.
– Eg er veldig nøgd med at Sparebanken Møre ser verdien i å dekkje lokalidrett. No har eg fått jobbe godt dei siste åra med å etablere eit godt arbeidsforhold til idrettsklubbane i området vårt og eg kan kun melde om gjestfriheit og tilgang til dei som har ei historie å fortelje om det dei nettopp har vore med på, seier 39-åringen som heller ikkje ser noko begrensing for konseptet.
– Denne avtalen gjer at eg får opprettholde mengda med reportasjer, men eg har også eit ynskje om å ta det neste steget. Difor har eg lyst å få med andre sponsorar på Sportsheim-toget slik at eg kan gjere enda meir i løpet av eit år. På den måten kan eg vere med å bidra positivt for både engasjement og interesse blant klubbane sine supporterar. Det er så mykje spanande som vil skje i 2025 i både fotball, håndball og friidrett mellom anna. Potensialet i ei slik felles sportsnettside for klubbane på Søre Sunnmøre er det egentleg ikkje grenser for. Eg får i allefall sjansen til å lage variert innhold, vi har mange lokale profilar som hevdar seg både her og der som det er kjekt å vise fram til folket heime.