Fire nysigneringar for Bergsøy Handball

Bergsøy sine handballherra har den siste tida signert fire nye spelarar.

Frå Litauen har laget henta Deividas Jovaisas og Laurynas Petrušis.

Jovaisas er 21 år og kjem frå spel i toppligaen i Litauen.

Han er ein allsidig landslagsspelar som kan bekle fleire posisjonar.

Deividas Jovaisas signerte kontrakt i møte med Henning Karlsen frå Sparebank 1 og Jan Erik Myrseth frå Bergsøy Handball i dei nye flotte lokala til generalsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre i Fosnavåg.

Laurynas Petrušis har signert ei 2-års kontrakt. Han er 21 år gammal og kjem frå spel i tysk håndball for VTZ Zweibrucken.

21-åringen er ein kraftfull venstrehendt spelar som kan spele både back og ving.

I tillegg har han landskampar på alle aldersbestemte nivå for Litauen.

Laurynas Petrušis signerar kontrakt i møte med Karlsen og Myrseth.

Bergsøy har også raida Spjelkavik for to spelarar til årets sesong.

Det er 17-åringen Petter Hovde Vinje og Erik Herman Ruud Helgesen som er året yngre.

Petter Vinje (t.v) er ein keeper med stor rekkevidde. Erik Helgesen (t.h) er ein lovande bakspelar med tungt skot og kan spele i fleire posisjonar.

Sportsheim.no skal på Bergsøytrening torsdag kveld og møte Thomas Buchardt & co, så då vil det kome intervjuer her!

Neste onsdag skal også Bergsøy møte Spjelkavik borte i 2.runde av NM etter 39-22 siger borte mot Kristiansund.

Nysigneringa Deividas Jovaisas blei toppscorar med 12 mål! Sportsheim gratulerer!