Dramatisk då Bergsøy slo Hareid i varm kamp

Hareid og Bergsøy braka bokstaveleg saman fredag kveld og verst gjekk det utover Andreas Nesset.

Han kolliderte med ein medspelar og måtte hentast av sjukebil. Kampen vart stoppa i omlag 20 minutt.

Ellers så vart det fire mål i første omgang der laga gjekk til pause med 2-2.

I andre omgang vart kampen avgjort av ein erfaren ringrev.

Kven som scora og korleis måla kom ser du her inkludert reaksjonar!

Bergsøy legg seg på tredjeplass med 18 poeng, ti poeng bak Herd med ein kamp mindre spelt.

Hareid legg seg på sjetteplass med 15 poeng etter ti kampar.