Drama i Fosnavåg då Herd sikra kretsmeisterskapen

Det vart ein dramatisk kveld i 4. divisjon, nesten som vi hadde forventa.

Herd måtte lenge ha ei avgjerande scoring mot Bergsøy, og fekk det heilt på slutten.

Ørsta leia 3-1 borte mot Rollon og venta sikkert berre på sluttsignalet med uavgjort frå Fosnavåg.

Enrique Crespo Søvik scora nok ein gong for heimelaget og blei årets toppscorar i 4. divisjon.

Dermed kan Sportsheim gratulere han med den tittelen og ikkje minst Herd som årets kretsmeister.

Her ser vi kva som skjedde på Havila Stadion Fosnavåg i årets siste kamp.