Vanylven er klare for 5.divisjon etter ein forrykande 11-4 siger over Ørsta 2!
Dei mørkeblå gjekk ut i eit forrykande tempo og scoringane kom på rekke og rad.
Stian Bellen ordna 1-0 etter tre minutt og 2-0 etter fem minutt.
På eit minutt mellom 11 og 12 så scora likegodt Kristoffer Stranden to mål.
Så scora ordna Bellen hattrick berre fire minutt seinare før Mads Hovden gjorde 6-0 etter 25 minutt.
Etter omlag halvtimen reduserte Ørsta 2 ved Evan Dyrhol Aambø.
Vanylven var ikkje nøgde med det. Simen Bellen og Hovden scora to til.
Ørstas Andreas Rebbestad Schjetne rakk derimot å redusere for Ørsta 2 som ga pauseresultatet 8-2.
Litt roligare blei det etter pause. Tilskodarar på Eidsåvoll stadion måtte vente heilt til det 74.speleminuttet på meir nettsus.
Då var det Kristoffer Stranden som sette inn 9-2. Nokre minutt etter reduserar scorar Ørsta 2 til 9-3 ved Aambø.
Så var det Øyvind Rodt sin tur til å gjere 10-3 før Simen Bellen gjorde sitt andre mål slik at sluttresultatet blei 11-4!
Trenar Øyvind Myklebust er nøgd med at opprykket blei sikra søndag ettermiddag!
– Det føles deilig å rykke opp med dette supre laget. Vi har vore solide gjennom heile sesongen.
– Mange unge har tatt store steg i år, dei eldre har beholdt forma og vi har utvikla oss gjennom året.
– No blir det OBOS cupfinale og KM sluttspel. Vi gleda oss til fortsettelsen, seier Myklebust i ein kommentar til Sportsheim!
Gratulerer til Vanylven!