Kven treng Premier League på ein søndag når ein kan kose seg med Vanylven FK sitt oppgjer mot Åmdal!
Før pause gjekk lite etter planen for heimelaget som tusla til pause med 0-2.
Etter pause vart det ein cornerfest utan sidestykke, dermed vart poenga igjen i Vanylven.
Vanylven har då 17 poeng etter 17 spelte kampar og har tre bortekampar igjen før sesongen er slutt.