Bergsøy vidare i cupen etter siger mot Spjelkavik

Bergsøy sine håndballherrar var på plass i Borgundhallen onsdag kveld for å ta seg vidare i NM.

Det klarte Buchardts menn med god margin sjølv om det var noko slurv her og der undervegs.

Her får du servert klipp frå kampen der noko av Bergsøy sine spelarar møtte gamle kjende.

I tillegg kan du nyte reaksjonar frå Thomas Buchardt, Erik Helgesen og Håkon Tømmerdal Fåberg etter cupsigeren.

Neste kamp er mot Lillehammer Fåberg i 3.runde av NM heime i Herøyhallen.

Så etter tapet for same motstandar så seint som i vår så vil det ligge litt revansj i lufta…
Den kampen går kl.17 komande laurdag.

Vi sjåast!