Bergsøy opp i ryggen på Herd

I 4. divisjon tok Bergsøy tre nye poeng mot Langevåg i Fosnavåg.

No er Lars-Petter Luton Rønnestads lag heilt opp i ryggen på Herd etter ei hjelpande hand frå Hareid!

Sjå scoringane og reaksjonar frå fredagskvelden på Havila Stadion Fosnavåg.

Allereie i neste kamp, fredag 1. september, ventar bortekamp mot SIF/Hessa.

Dei har vore ein ekkel motstandar for Bergsøy i det siste, for det har blitt tre strake tap.

No må den trenden snus.