Bergsøy med 28-28 borte mot Steinkjer

Evaldas Griežė blei Bergsøy sin toppscorar med ti mål mot Steinkjer.

 

Bergsøy sine håndballherrar møtte Steinkjer borte til sin sjette kamp for sesongen.

Det blei uavgjort der begge omgongane enda 14-14!

Før kampen stod Buchardts menn med fire sigar og eit tap. No har dei også fått inn eit uavgjortresultat på tabellen.

Kampen var heile fem minutt gammal då Erik Helgesen opna scoringsballet.

Så var heimelaget det friskaste laget og ga aldri frå seg leiinga før i det siste minutt då Grieze og Jovaisas utlikna til 14-14.

Grieze sytte for at Bergsøy på det meste var i leiinga med 19-22 etter 12.55 av andre omgang.

Etter 17.45 scora Erik Helgesen og sytte for at Bergsøy framleis var framfor med tre scoringar på 24-21.

Steinkjer ga aldri opp og kom tilbake utover i andre omgang.og tok leiinga med 28-27 med under to minutt igjen.

Men Bergsøys Jovaisas utlikna til 28-28 etter 28.46. Siste minuttet gjekk med på eit par time outs og ingen avgjerande scoring.

Evaldas Griežė var nesten som vanlig Bergsøys toppscorar med ti mål. Erik Helgesen fulgte med sine sju nettkjenningar. 

Deivis Jovaišas var tredjemann på scoringsslista med sine seks scoringar og Bergsøy har ni poeng på sine seks kampar.

Neste kamp er i Malvikhallen mot Vikhammer HK søndag kl.12! Sportsheim ynskjer Bergsøy lukke til!